Behandlinger

Historie

Trude Lundevall, eigar og dagleg leiar av Balanzera, starta frisørkarriera allereie som 16-åring. Etter 3 år utvikla ho allergi i luftvegane på grunn av dei sterke kjemikaliane ho arbeidde med og måtte slutte i jobben som frisør. Etter å ha vore vekk frå yrket i eit år oppdaga ho salongkjeda Zenz i Danmark. Her nytta dei berre økologiske og naturlege produkt. Endeleg fann ho eit alternativ som gjorde at ho kunne halde fram som frisør. Trude arbeidde to år i København før ho i oktober 2008 opna Balanzera på Grünerløkka i Oslo. Vi er idag 8 frisørar og 1 lærling hos oss. Dette er dyktige frisørar

Filosofi

Vi vil gje deg behandlingar av høg kvalitet, god tid til berre deg og forsikring om at vi forstår ditt ønskje og behov. Vi har gode faglege kunnskapar, veit kva slags stoff vi arbeider med og kva vi skal unngå. “Det er svært viktig for meg å drive ein frisørsalong som tar helsa til mine tilsette på alvor. Difor brukar vi dei reinaste produkta på marknaden, som vi veit ikkje inneheld skadelege stoff. Frisørane mine skal ha eit sunt arbeidsmiljø og mindre sjanse for å utvikle allergi. Dei skal kjenne seg opplagte og fri for hovudpine etter endt arbeidsdag”. -Trude Lundevall, dagleg leiar Balanzera AS. Vi har god kontakt med andre frisørar og miljøorganisasjonar i Norge og Danmark, -der dei har eit stort forskingsmiljø på desse områda. Produkta vi brukar i salongen er testa og godkjente som eit sundt alternativ av Københavns miljøkontroll og Videncenteret for frisører ved Gentofte hospital i København.

Service

I vår salong vert det satt av god tid til kvar enkelt kunde. Konsultasjonen er den viktigaste delen av behandlinga. Det er her vi saman med deg skal kome fram til kva for frisyre som passar deg best. Både når det gjeld anatomiske forutsetningar, hårkvalitet og stil. Dine ønskje og personlege smak skal kome fram og bli høyrt og vi set difor av god tid til denne prosessen av behandlinga. Før hårvask sjekkar vi alltid hår og hovudbotn, og vel sjampo, balsam eller kur etter kva som passar best. Og avsluttar vaskebehandlinga med ein god massasje i hovudbotn, medan du lyttar til avslappande musikk. Vi vil gje deg tips og informasjon om produkt som passar til deg og korleis du best mogleg kan style frisyra heime. Føhn og styling er sjølvsagt inkludert i prisen. Kvar enkelt av frisørane våre har aldri to kundar samtidig, så all merksemd går til deg aleine. Under hårspa-behandlingar og fargebehandlingar får du alltid tilbod om fotbad, økologisk kaffi, te og frukt. Vi gler oss til å gje deg all den omsorg og luksus du måtte trenge i ein elles hektisk kvardag.

Kva våre kundar seier

Våre fantastiske medarbeiderar

team_image

Trude Lundevall

Grunnlegger & Kreativ Leder

Trude Lundevall kan skrive litt meir om seg sjølv her

team_image

Elise Årgårdsvik Høijord

Dagligleder

Her kan Elise skrive litt om kor flink ho er:-)

team_image

Mia Madelen Ødegaard

Kreativ Leder

Her kan du skrive litt meir Mia

team_image

Trude Lundevall

Grunnlegger & Kreativ Leder

Trude Lundevall kan skrive litt meir om seg sjølv her

team_image

Elise Årgårdsvik Høijord

Dagligleder

Her kan Elise skrive litt om kor flink ho er:-)

team_image

Mia Madelen Ødegaard

Kreativ Leder

Her kan du skrive litt meir Mia

team_image

Trude Lundevall

Grunnlegger & Kreativ Leder

Trude Lundevall kan skrive litt meir om seg sjølv her

team_image

Elise Årgårdsvik Høijord

Dagligleder

Her kan Elise skrive litt om kor flink ho er:-)

team_image

Mia Madelen Ødegaard

Kreativ Leder

Her kan du skrive litt meir Mia

Miljøfyrtårnsertifisert

Balanzera er stolt av at vi om få dagar offisielt kan krone oss med tittelen Miljøfyrtårn-bedrift. Vi har kun nokre få punkt att før oppdraget er heilt utført.

Når Balanzera er sertifisera som Miljøfyrtårn har vi dokumentert at vi har innført eit styringssystem for å redusere våre påverknader til miljøet. Dette gjer vi gjennom aktivt arbeid med kontinuerlege forbetringar innanfor innkjøp, transport, energi, arbeidsmiljø og avfall.

Her kan du lese meir om dei spesifikke bransjekrava til frisørsalongar. 

Grønnfrisør

”Grønn frisør” er ei merkeordning utarbeidd av Fagforbundet i Norge og Frisørenes Fagforening.

For å verte godkjent som grønn frisør, må salongen innfri følgjande krav:

  • Tilby behandlingar der produkta er fri for dei mest skadelege stoffa.
  • Ha tett kontakt med Videncenteret for frisørar i København og Københavns Miljønetværk som har utvikla “positiv” og “negativ listene”. Positivlista viser alle profesjonelle hårpleieprodukt som ein trygt kan bruke. Negativlista viser kjente produktseriar som inneheld stoff som kan vere allergiframkallande, hormonforstyrrande eller miljøskadelege.
  • Ansette i “Grønn frisør” -salongar skal vere bevisste i arbeidet sitt. Dette ved å ha kunnskap om kva for skader enkelte produkt kan forårsake, i tillegg til å gje råd og informasjon til kundane sine.
  • Ha eit holistisk tankesett ved å vere miljø- og sunnheitsbevisst på alle område. Det vere seg alt frå hårprodukt til emballasje og servering av økologisk kaffe, te og frukt. Ein skal nytte miljømerka reingjeringsmidlar, ha eit bevisst straumforbruk, utføre søppelsortering osb. Salongen bør helst vere Miljøfyrtårn Sertifisert.

e.ner sanctuary.

Kvalitetssalong

Fagforbundet starta arbeidet med “Kvalitetssalong” i 2008, som ein videreutvikling av Grønn Frisør.

Målsettingar:

  • auke kvaliteta på såvel arbeidsmiljøet som kvaliteten på det arbeidet som blir utført i salongane.

  • auke antall ansette med større stillingar/heiltidsstillingar pr. salong.

  • vere trygge lærebedrifter for frisørlærlingane og bidra til å styrke stoltheit av yrket dei praktiserar.

  • vise at det er økonomisk lønnsomt å drive frisørsalonger under ordna forhold, med gode løns- og arbeidsvilkår for dei ansette.